Naseblod
Tekst: Erling Jensen
Om du daskar meg på ryggen så hardt at eg fell framover og knuser nasen i asfalten
så blodet flyt, då kan det henda at eg reiser meg og daskar deg på ryggen så hardt at du fell framover og knuser nasen i asfalten så blodet flyt
Om du stryk meg over ryggen med vennleg kjærleik og bit meg i øyreflippen og seier at du elskar meg, då blir eg varm om hjartet, viss du er ei kvinne
Om du stryk meg over ryggen med vennleg kjærleik og bit meg i øyreflippen og seier at du elskar meg, då blir eg varm i hovudet, viss du er ein mann
Då kan det henda at eg reiser meg og daskar deg på ryggen så hard at du fell framover
og knuser nasen i asfalten så blodet flyt