Livets storm

Tekst: Erling Jensen - 18. desember 2024

eg let ikkje dreggen gå for å liggja trygt i hamn
eg let den gå for å dra den opp att
så eg kan kjenna meg fri

eg stirrar ikkje tomt mot horisonten for å drøyma
eg let augo søkja stjerner i nattemørket
så eg kan finna kursen mot det som ventar

eg søkjer ikkje skjul for regnet som slår
eg let det vaske sjela rein
så eg kan stå støtt i det som kjem

eg reve ikkje segla for at dei skal kvila
eg let dei fyllas med storm
så vinden kan føra meg mot ukjent land

for i stormen finn eg styrke
i bølgjene finn eg rytme
og i det ukjente finn eg meg sjølv

livet er ikkje å ankra fast
det er å kasta seg ut i bølgjene
og kjenna kvar drope som treff

Til hovedsiden