Kjærleiken
Francisco Goya, Saturn, 1821–1823.
Tekst: Erling Jensen
Det er noko vakkert i det at skilde ektefellar finn tilbake og giftar seg på ny
Det er vakkert at kjærleiken til slutt sigrar over det vondet som skapte usemja
Det er vakkert når kjærleiken blir fortald på nynorsk: – Så fint å sjå deg igjen, min kjære
Det kling ikkje like godt på bokmål: – Hvor i helvete har du vært alle disse årene
Det er ikkje like vakkert når ein innser at endå ein gong er ein blinda av falsk kjærleik
Men det å kunna leva i harmoni utan lenkjer, det er vakkert