Den gangen eg nesten myssta ballane
Tekst: Erling Jensen
Ein gang i begynnelsen av 1980-årå kjypte eg meg ein gammale 24-fots klinkerbygde trebåt. Prøveturen tok eg i Gandsfjorden, og båten gjekk som ei kula...
Glad og fornøyd satt eg kursen mot Hillevågsvatnet for å fortøya. Eg hadde fått lånt ein båtplass heilt innerst der som millionbåtane ligge. Det sto folk på kaien og glodde når eg sko bakka inn mellom utriggerane, så eg blei litt nervøse. Det e kje så lett å bakka med ein trebåt når det blåse friske vind.
Men det gjekk greit, heilt te eg sko hoppa i land med tauet. Då snoffla eg og trydde på gearspaken så båten begynte å gå forover, mot millionbåtane! Eg bråsnudde og slengte meg mot båten for å stoppa galskapen. Men svalestupet mitt va ikkje godt nok, så eg fekk bare den ein neven rundt akterstevnen. Og der hang eg, dassblaude mellom droltane i Hillevågsvatnet mens eg prøvde å vri roret. Båten min va ikkje forsikra, så dette kunne bli dyrt. Eg vridde av adle krefer, og båten svingte litt itte litt.
Plutseligt kjente eg någen strømningar og løgne vibrasjonar veldigt nærme "glødepluggen" og ballane. Va det ein fisk som ville ha kveldsmat? Tok ann feil av pikken min og ei stinta? Men så kom eg på det; Propellen! Den sveiv og va mær enn villige te å kappa av meg familie-juvelane! Valget mellom å ødelegga for millionar eller bli tante va ikkje lett å ta. Men eg va heldige, krisen blei avverga med någen få millimeter, både når det gjalt millionbåtane og familie-juvelane. Og mens eg hang bak båten og styrte tebage mot Gandsfjorden og evigheten fekk di på kaien seg ein goe latter...